Måløy Kino
Måløy Kino held til i 2. etg. i Turnhallen lengst nord i Gate 1 i Måløy. Kinoen er digitalisert har moderne lyd-anlegg, teleslynge og gode stolar. I salen er der 89 seter, inkludert 2 plassar for rullestolbrukarar. Bygget har heis.
Det er lagt til rette for visning av 3D-filmar. Du kan kjøpe 3D-briller på kinoen og på servicetorget på kommunehuset. Kinokiosken har eit godt utval av drikke, godteri og sjølvsagt popkorn!
Måløy kino brukar eBillett som du finn i app-store der du kan sjå kinoprogrammet og førehandskjøpe billettar, eller kjøpe billettar på servicetorget til kommunen som ligg i 1. etg. på kommunehuset i gate 1. Servicetorget er åpent 09.00 – 15.00 måndag til fredag. Betaling kun med kort. Kjøpte e-bilettar kan hentast ut på servicetorget eller kinoen. Billettar kan og kjøpast på kinoen 30 minutt før filmen tek til.
Nordfjordhallen
Nordfjord si storstove for idrett og kultur. Under same tak har vi innandørs kunstgrasbane, fleirbrukshall, klatreveggar, løpebaner, turnhall, treningsrom, skytebane, møterom og kulturhus. Nordfjordhallen ligger i kinn kommune i Vestland fylke. Anlegget ligger 3 km frå kommunesenteret Måløy. Dette er ein av få anlegg i Norge der både idrett og kultur er samlet under et tak.
Meir info finn du på nordfjordhallen.no